Hjem > Supporterkultur > Diagnose: Old Trafford

Diagnose: Old Trafford

Sjela blir finta når eg tuklar meg inn i
det erogene soneforsvaret.
Markeringane er tette, småsveitte.
Eg vinn ballen. Ballen vinn eg.
Vinn eg ballen?
Jau, eg får orgasmetreff på 38 og inn.
Inn med flat vrist. Litt trist med
tanke på familie og venner.

Old Trafford.
Du herlege forbanna lukka avdeling
med lêr-reimar og valiumske
støttepasningar. Og elektriske
hovudstøytar.
Hjelp.
Beckham vesle-Foulkes hjelper meg
nedover venstrevingen forbi olme
oksebacken til Blackpool som kom
gratis frå Huddersfield.
stussar via driblepotane til Best til ein
umarkert Law. Aston klør seg på
den ytste venstre leggen.
Cleggen.

Old Trafford.
Eg er ego nå eg. Ergo er eg ego.
seier TV-ballens lobotomioffer,
gjer ei tverrvending
i skuggen av eigen fem. Med tre
mann i frimerkerygg.
På nærmeste erigerte stolpe tronar
Den arrognte Majestet.
Nummer 7, avec.

Old Trafford.
Benken ventar tordnar Alex.
Ikkje pokker, eg har jo svarte og
raude sokkar.
Sperr meg heller inne i nettmaskenes
einecelle. La meg neveslåst med
Nobby Roy, sel meg til Giljotine
Albions.
Nektar plent.
Nektar plenty når lyrikkens reservemålmann
såvidt psykar ein kanon
over horisonten.
OBS: pokalane blir pussa av
Bobby Noble.

Old Trafford.
Eit land i landet. Ein stat i staten,
eit rike i riket, eit monument i
Monumentet. Eit fata i
Morganaet.
Men no treng du absolutt kvile.
Seier fatter’n.
Og isar ned hjernen til like under
kokepunktet.

Time for tea med Pat Crerand.
Før eg blir sett innpå. Dei siste åtte.
For å avgjere mot Liverpool. Igjen.
Siste flaumlysnatt med IGJEN.
Eg vaknar og har vondt i same
foten som Steve Coppell. Igjen.

Old Trafford.
Giggs, det er vel deg det Tom Ryan
seier psykologen og byr på breakdowns
og overlapping av gamle
skrubbsår.
Det har bikka etter 313 innvendige
hovudduellar med gladiatorane frå
dramens,
Draumens Teater. Maskefall på
barne-TV for pappa.
Eg blir lagd i tvangstrøye nummer 10.
Immunforsvaret trekker seg tilbake
for å sikre 0-0.
Familien ventar akkurat på den
crosspasninga som aldri kjem.

Old Trafford.
Vakedøgnet er trill rundt, sola forlet
sitt effektive 4-3-3 system.
Vagt høyrest satelittens vengeslag
live on Sky.
54 812 reiser seg.
Tverrliggarane bøyer seg ned mot
kritstøvet.
Duncan Edwards
plukkar meg opp frå
daudlina. Sadler om.

Old Trafford.
Eg blir boren ut av institusjonen med
skruknottane på. Handståande
applaus, cornerflagga blir heiste
ned på halv stang. Inn.
Stretford Never Ends.

Hentet fra boka “United – lyriske feilpassningar frå ein raud djevel” av Tom Stalsberg

Haakon Supporterkultur

Line Break

Om skribenten: Haakon

Haakon er en lidenskaplig United-fan, for tiden på en par måneders studietur i Manchester


  1. McCulkin
    9 mars 2010 @ 20:32 | #1

    ren poesi – frå ein raud djevel

  1. Ingen tilbakespor enda.
Easy AdSense by Unreal